BFK | 05.05.2021 | GRATISVISNING | Nattens jegere (1971)

Arrangementsinformasjon

INFO:

Originaltittel: Wake in Fright
Type: Spillefilm
Visningsformat: DCP (1.85:1)
Regissør: Ted Kotcheff
Manusforfattere: Evan Jones, Kenneth Cook
Skuespillere: Donald Pleasence, Gary Bond, Sylvia Kay
Produksjonsland: Australia
Språk: Engelsk
Undertekst: Engelsk
Lengde: 1 time 49 minutter


NOR:

Eit glas til: Australia.

Denne filmen er ein kald pils, freidig overmot, angst, ein øl med venar, å tenkje med feil hovud, audmjuking, ein øl for mange, hovudverk, øl for å fungere, å gi faen, gratis øl, filosofiske diskusjonar, å styrte ein øl, å styrte ein øl til, gruppepress, å miste alle hemningar, å svelge unna oppgulp, medvitstap, å nå botnen, øl for å gløyme, å vere tom for øl, desperasjon, avgrunn, meir øl, gjenta frå start.

Dersom du kjenner deg igjen i noko av dette, er denne filmen for deg.

John Grant er ein glup ung mann, på veg frå lærerjobben i ein småby i ødemarka, til juleferie i Sydney. På vegen må han overnatte i Bundayabba, ein avsides gruvelandsby, der drikking og gambling er hovudaktivitetane blant befolkninga. Dette er historia om korleis John Grant berre skulle ut og ta ein pils, men endte opp med å gå i hundane. I ei tåke av våpen, erotikk og alkohol skjener han inn i deltaking av «The Yabba» sin skeive tralt.

ENG:

John Grant is a smart young man travelling from work in a small town in the bush to celebrate Christmas in Sydney. On his way he must spend a night in Bundayabba, a godforsaken mining town in the middle of nowhere. Only planning to have a quick drink in town he is dragged into the locals’ mad drinking ways and is seemingly unable to escape, no matter how desperately he tries.


[ MER INFO ]